Tur til Fjon 4.-6. Februar
by LUK on jan.31, 2011, under Nyheter
Etter nesten eit h
eilt års ventetid er vi endeleg klar for LUK’s årlege Fjon-tur att!
Vi reiser på weekend-tur til Fjon-fjellkyrkje og kosar oss der saman; med møter, aktivitetar, mat og moro. For dei som vil blir det moglegheit til å stå på ski i trekket i Stordalen både Lørdag og Søndag, men det vert og moglegheit til å vere att på Fjon og finne på noko anna kjekt. Søndag reiser dei som ikkje står på ski til Matre, der leiger med gymsal, og (kanskje) badebasseng!
Helga: 4. – 6. februar
Påmelding innan Onsdag 2. februar, til Turid.
Send ei melding til tlf. 91 81 71 36 for å melde deg på
Avreise frå Midtgård Bedehus vert Fredag 4. februar klokka 17.00, møt presis!
Og vi er tilbake igjen søndags ettermiddag, omkring klokka 17.30.
TA MED
- 1 brød og 1 pålegg til felles (dette leverer me inn med ein gong me kjem fram!)
- Snop/frukt til felles
- LAKEN og PUTETREKK
- Sovepose eller dynetrekk
- Bibel
- Klær til å vere ute i
- Klær til å vere inne i
- toalettsaker/handklede osv
- Skiutstyr (dersom du vil på ski)
- Pengar til skitrekk (det kostar 180,- for eit dagskort)
PRIS FOR HEILE TUREN:
400 kr for medlemmar
500 kr for ikkje-medlemmar
Vi håper mange vert med på denne turen, og vi ser
fram til ei kjekk helg saman på Fjon!



